Utleige av sykkel

På Jæren kan du leige elsykkel hos Jærruta AS. Hent/lever syklane på Bryne Kro & Hotell, Bryne   Grand Hotell, Egersund eller Sola Strand Hotel, Sola. Levering/henting treng ikkje å vera på samme stad. 

Kjem du med fly, og vil starte turen på Sola, kan du ta kontakt med Norway Bike Rental for leige av sykkel som kan levera syklar ved flyplassen. Følger du ruta heilt til Eigersund, kan du ta sykkelen med deg på toget tilbake nordover.