Kleppruta (Sola-Bryne)

Åpne aktivt kart - Kleppruta

NB! Har du iPhone må Google Maps appen åpnes på telefonen først for å få aktivert rutene.

Syklar du gjennom Klepp vil du få oppleva den høge himmelen som har inspirert bildekunstnarar gjennom generasjonar.
Lange sandstrender med badeliv og surfing, karakteristiske steingardar og aktivt landbruk ligg langs ruta.

Undervegs på turen kan du òg stoppa i Hå  på spennande stader som Hå gamle prestegard og Vitengarden, med interessante utstillingar og sal av mat.

Turtips

Strandlinja og våtmarkene utgjer lungene i klepplandskapet. Her finn tusenvis av fugl mat på sitt årlege trekk til hekkeområda.
 
Dei mange kulturminna vitnar om at også folk frå langt tidlegare tider treivst i dette landskapet. Har du tid kan du sjå spor etter dei på Helleberget, ved SteinstjernaTinghaug og Krosshaug.

Avstikkar (Kleppruta)
Turar Attraksjonar Lengde
Sykkeltur og liten gåtur Helleberget 5,6 km
Sykkeltur og liten gåtur Steinstjerna 2 km
Kort sykkeltur Friluftshuset og Orrestranda 200 m
Sykkeltur og liten gåtur Fugletårn ved Orrevatnet 1,5 km
Sykkeltur og liten gåtur Tinghaug og Krosshaug 1,6 km